Denne nettsida er ein del av formidlingsarbeidet frå Innlandet fylkeskommune si kulturavdeling. Her er vi sju ulike seksjonar som jobbar med kvar våre fagfelt. Du kan lære meir om kva vi gjer i tekstene og videoane nedanfor.
Heile kulturavdelinga i Innlandet fylkeskommune
Kulturavdelinga jobbar med kulturarv, idrett, friluftsliv, bygg og landskap, Den kulturelle skulesekken, kunstfeltet, fylkesbibliotek og fylkesarkiv. Sjå glimt av alle dei spennande, interessante og viktige tinga vi gjer i videoen.
Dei sju seksjonane i kulturavdelinga
Fylkesbiblioteket
Innlandet fylkesbibliotek er lokalisert i Gjøvik rådhus. Fylkesbiblioteket gjev råd til kommunane, gjev bibliotekfagleg rettleiing og assistanse, legg til rette for digitale bibliotektenester og arrangerer møte, kurs og konferansar om bibliotek og utvikling. Fylkesbiblioteket har òg Bokbussen, som jamleg besøkjer 26 ulike skular i Innlandet.
Idrett og friluftsliv
Naturopplevingar og friluftsliv til kvardags betyr mykje for folks helse. Innlandet fylkeskommune jobbar for at alle skal ha tilgang på merka turstiar, skiløyper, akebakkar, badeplassar, fiskeplassar, skogsområde og andre grøntareal i nærleiken av der dei bur.
Kulturarv: Arkeologi
Det har budd folk i Innlandet i 10 000 år! Vi jobbar for å ta vare på kulturminna der dei finst, og sikre at kunnskap blir teke vare på gjennom arkeologiske registreringar og utgravingar. Vi arbeider for at fleire skal få glede av kulturarven, og deler kunnskap gjennom samarbeid med kommunar, grunneigarar, frivillige organisasjonar og andre.
Kulturarv: Bygg og landskap
Kulturlandskapet i Innlandet er variert! Det er både det fulldyrka åkerlandskapet på flatbygdene, dei tradisjonsrike dalføra, slåtte- og beitebruket i seterlandskapet, Finnskogens svedjebruk, den sørsamiske reindrifta i utmarksområda langs svenskegrensa, og fangsthistoria til høgfjellet. Alt dette jobbar vi for at skal bli teke vare på, til dømes gjennom freding og gjennom godt handverk.
Kunst og kultur
Vi vil at heile Innlandets kunst- og kulturliv skal halde fram med å blomstre! Innlandet fylkeskommune støttar kulturprosjekt i heile fylket, og har ansvar for kulturfestivalen UKM og kulturkortet UngInn. I tillegg jobbar vi for å etablere gode kultursamarbeid og gje auka kompetanse der det trengst.
Den kulturelle skulesekken
Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal ordning som sørger for at alle skuleelevar i Noreg får oppleve profesjonell kunst og kultur kvart år – heilt gratis. Fylkeskommunen bidreg med varierte og engasjerande kunst- og kulturopplevingar til elevar i heile Innlandet. Ta ein kikk på produksjonane vi sender rundt om i Innlandet no.
Fylkesarkivet
I fylkesarkivet finst mykje av vår felles historie. Fylkesarkivet starta med OL-arkiv, men no er det òg arkiv frå fylkeskommunen, andre privatarkiv og arkiv vi tek vare på på vegner av 50 ulike kommunar. Dette er viktig både for historia og demokratiet, og for retten til innsyn i opplysingar om deg sjølv.
